
Litt av poenget med å ta fag i Arkhangelsk er å snakke russisk med russarar. I går fekk me treffe studentar som tek norsk. Ulempa med desse er at dei helst vil snakke norsk eller engelsk, medan eg vil iallfall gjera eit forsøk på å snakke russisk. Men heldigvis er det slik at ikkje alle som bur i Arkhangelsk snakkar engelsk og norsk. Så må ein koma på ein god måte å treffe desse og ha ei roleg og stille samtale. Då kan det vera lurt å ta manikyr! Det tek ca ein time, den søte dama er van med å småprate om alt mogleg, og så får ein så fine hender og neglar av det. Spørs om eg ikkje må gjere dette ei gong i veka.
4 kommentarer:
He he smart Åsne! Fin måte å slå to fine fluer:) i en smekk.
Fin blogg Åsne! Moro å lesa kva du finn på der borte i huttaheiti. Kip on gudd wørk! Klems
oh no! manikyr-kjøret har starta!
Det må til, Stian... Tok du aldri Мужской маникюр? Me har både Karsten og Torbjørn på gli...
Legg inn en kommentar