onsdag 17. september 2008

Åsne - Vampyrmyggane (3-1)



Ja, eg var kanskje litt naiv då eg tenkte at det umogleg kunne vera like mykje mygg her som i Petersburg. Det er forresten ikkje like ille som i Petersburg. Men eg tok berre med meg aurax, og ikkje noko førebyggande middel. No som varmen og er slegen på er det så varmt inne at eg er nøydd til å lufte. Og då kjem dei... Eg vakna fleire vender i nått, og slo rundt meg. Men i dag vakna eg opp med ikkje så reint få myggestikk. 1-0 til myggen. Men så kom eg sterkt attende. For etter all den blodfråtsinga må myggen ha vorte litt slapp, og i løpet av morgon fekk eg slege i hel tri av fire. Og alle var fulle av blod. HAHAHA 3-1 til meg!

2 kommentarer:

Anonym sa...

hoho

Anonym sa...

I følge far er aurax eit ypparleg førebyggande middel mot mygg. I alle fall dersom du har ein gamal versjon. Desverre trur eg dei har endra ein del på auraxen sidan den gamle varianten blei ulovleg pga stort innhald av farlege stoff. Uansett; har du likevel rota fram ei gamal tube så kan eg banne på at myggen ikkje bit!