


Som i alle andre blokker i Russland er veggane våre måla i ein slags bleik grønfarge som får det meste til å sjå litt sjukleg ut. På romma har me heldigvis tapet, i forskjellige fargar og mønstre. Men me såg fort at me trong noko for å friske opp og gjere kjøkkenet vårt litt meir triveleg. Me såg ikkje langt for inspirasjon, for på det nokså slitte kjøkkenbordet av tre, var det nedfelt ein slags voksduk med fruktmotiv. Etter det har me freista, så langt det gjeng, å ta opp att både fargar og fruktmønster på det me har hamstra inn. No er det så mykje oransje, gult, grønt, raudt og frukt at me blir fulle av c-vitaminar berre av å sjå oss rundt på kjøkenet.
2 kommentarer:
Eg likær fruktkjelen! Den liva nå i alle fall litt opp:). Eg byrjar å lure på om det er fargekodar ute og gjeng i ulike land. Russland: sjøsjuksgrøn. Australia: Bront i ulike nyanser. Det er svært interessant detta her.
Ja, den kjelen va den finaste me fann! Lurar på hòtt som æ den norske fargjen...
Legg inn en kommentar