torsdag 27. november 2008

Siste dag... Hade bra så lenge Arkhangelsk


No er det under eit døger til me reiser heimover att. Så no må me sei hade bra for siste gong... Det blir sjølvsagt fint å koma heim att, men det er nokså trist å sei hade. Håpar eg kan treffe att dei fleste me har vorte kjent med her. Ein del kjem til Tromsø i januar, men dei fleste blir att her. Me har iallfall hatt det veldig bra her i dei tri månadane me har budd her. Den siste veka har gjenge med til avskjedsfest, avskjedsklassiskkonsert, avskjedseksamnar, avskjedspresangar, avskjedbesøk, avskjedsklemmar og i dag eit siste avskjedshow.

mandag 24. november 2008

Arkhangelsk kunstfestival for studentar



Dei tri universiteta i byen gjeng i lag om å ha ein kunstfestival, der dei beste bidraga i forskjellige kategoriar blir premiert med diverse ting. Me var på sjølve premieutdelinga, o gdet var veldig artig! Det var nokså mange kategoriar, med det meste frå jounalistiske bidrag til kostymefekting. Og innimellom prisane var det underhaldning med song, dans, drama og "stand-up". Det heile var veldig russisk, med lange, pene, jenter som kom med prisane, hefitge ballader med mykje luft på stemma og glinsande dressar. Eg vart sjølvsagt mest imponert over han som vann prisen for beste folkedans...

Sushiblini


Sushi er omtrent det hippaste og kulaste i Russland. Så mellom anna har pannekakerestauranten BlinKhaus kasta seg på denne bylgja. Det dei har gjort er å ta den tradisjonelle pannekaka med raud kaviar, kutta henne opp i passlege bitar, sett dei på høgkant, dandert dei på ein sushiliknande måte og servert dei med soyasaus. Hurra! Det var visst slik passe...

Stakkars Karsten...



Karsten har ikkje hatt det så greitt i det siste, han har mangla mathug, og vore litt stressa. Dermed har han heller ikkje greidd å eta opp brødet sitt. Eventuelt så ville han ha det slik, og no lurar han på kvar det vart av (eg og Turid kasta det faktisk...). Håpar sambuarane hans i Tromsø kan ta vare på han når han kjem att... (eg lurar veldig på kva det gule er!)

onsdag 19. november 2008

På tur ut i bushen...



... til ein russisk barneheim. Her ein dag for me, i regi av samfunnsarbeidsfakultetet og det internasjonale kontoret, til ein russisk barneheim for å underhalde litt. Me fekk vita at gruppa me skulle vera i lag med var stort sett ungar som var henta ut frå familiane sine, og venta på fosterheimar. Dei me møtte var mellom 2 og 14, og med ei lita overvekt av gutar. Dei russiske studentane stod for mesteparten av programmet, medan me for det meste var eit eksotisk innslag, med veldig rare, morosame namn. Men me fekk da lese litt i frå Kurt og fisken (på russisk) og sunge ein song. Songen var relativt populær, så stor takk til Åsmund på folkehøgskulen som lærte han vekk... Til slutt hadde me nokre presangar me gav til dei, og så måtte me skrive autografar og teikne hestar...

Ist. Fakka(s) dag.







Fredag 14. var ein stor dag på historisk fakultet i Arkhangelsk, det var faktisk årsdagen! Det vart feira med eit slags show på universitetet, med sketsjar av varierande kvalitet. Lika best den som handla om at ein ikkje må gå inn på "lærarrommet" og vera svolten, for der inne er det berre kaker og godis... På kvelden, då eg akkurat var ferdig med middag, fekk me overraskingsvitjing frå nokre kompisar på ist.fak. Ettersom det var ein stor festdag hadde dei med seg vodka, og slik vart kvelden veldig fin! Han vart så fin at då Karsten og Torbjørn skulle på bue for å kaupe meir jus og vatn, kom dei att med øl og vodka.... I tillegg var det sjølvsagt synging av russiske songar, russiske skålar, og nokre på engelsk (you proud your country, we pround our country, you proud our country...)

mandag 10. november 2008

Vitjing frå Tromsø!


Endeleg kom den store dagen då Per Jørgen skulle vitje oss her i Arkhangelsk. Fyrste gong i Russland, og fyrste gong med "papirfly". Heldigvis for han var det fleire nordmenn som skulle fly til Arkhangelsk og dei fekk hjelpt han gjennom Murmansk, heldigvis... Ettersom han berre skulle vera tri dagar sa dei at han ikkje trong å registere seg. Det har me ikkje gjort, og eg reknar med at det gjekk greitt, viss ikkje sit han no på ei glattselle ein eller annan plass. Uansett, så syns Per Jørgen det var litt rart og litt avslappande å vera analfabet. Han slapp jo å ta noko som helst ansvar for ting han gjorde, som til dømes å koma til kalde, isfylte Arkhangelsk i sandalar.

Snaaaart vinter?


Me er litt lei av all søyla og lorten som flyt på fortauga, eg er iallfall det... Så eg ventar med spenning på frost og snor. Det kom litt før helga, det var nokså lovande. Men så vart alt berre vått og glatt, og i dag er det berre vått og svart. Dessutan er det veldig surt ute, og då hadde det hjelpt litt på humøret viss det ikkje var så grått rundt i kring. Men, men, det er vel berre å ta på seg støvlane og vasse vidare...

fredag 31. oktober 2008


Historisk museum var veldig bra, og det syner seg at dei jammen er litt artige au! Eller kanskje har dei hatt ein fjåsete vikar som har gjort dette, og så skjønnar ikkje dei gamle babusjkane spøken...

torsdag 23. oktober 2008

Planeta Sushi!



Det var ingen veg utanom: no var eg nøydd til å prøve sushi. Då kunne Turid og Joakim fortelje at Planeta Sushi var det beste staden å byrje. Som sagt så gjort. Det var mykje rart på menyen, eg prøva å styre unda kaviar og røykt ål. Trur eg enda opp med nokre bitar av ris, med laks og filadelfiaost inni, og nokre bitar med laks, ris og avocado. Det er eigentleg litt store bitar, men alt i alt var det ei bra røynsle som eg tenkte eg godt kan taka opp att.

Tuda i obratna (Dit og attende)




Me hadde valet mellom fly og tog for å koma oss til Moskva. Men me studerar trass alt russisk fordi me syns russisk og russarar er artig. Så me måtte velje tog. På toget hadde me valet mellom open og lukka kupe. Lukka kupe er dyrare og ikkje fullt så russisk, som dei sa på det internasjonale kontoret: På platskartnij (open kupe) veit du at du er i Russland. Så me valde det. Og angra ikkje eitt sekund. Open kupe fungerar slik: på den eine sida av gangen er to køyesenger vende mot inannan med eit lite bord i mellom, på den andre sida av gangen er endå ei køyeseng der den nederste kan lagast om til to stolar og eit bord. Slik er heile vogna nedover, heilt ope. Turen dit var veldig roleg, me spila kort og kortskalle og fekk ein del rare blikk. Ved sida av oss sat ei mor og hennar son, men det vart ingen livleg prat... Hit att vart me godt kjend både med naboen vår, ei russisk bestemor som pendla mellom Moskva og Arkhangelsk frå barnebarn til barnebarn, ho kunne fortelje at kiloprisen på tyttebær i Moskva er ca. 120 rublar! Me vart og kjend med ei gjeng ungdommar som hadde vore i Praha, dei lærte oss Vologda-songen, og flott vologdaittisk aksent!

lørdag 11. oktober 2008

Listopad



Listopad er eit veldig fint ord som tyder at lauvet dett ned. Det gjer det no i Arkhangelsk, og det er veldig fint her! Så då er ein nøydd til å nytte høvet til å ta nokre bilete av det...

tirsdag 7. oktober 2008

Ekskursjon






Karsten er flink til å bruke kontaktane sine, så på laurdag fekk me vera med på ein ekskursjon til eit kloster som ligg omtrent tri timar frå Arkhangelsk. Me sat i ein buss med sota ruter, så det vart liksom aldri heilt dagsljos, noko som gjorde at iallfall eg var litt trøytt heile tida i bussen. Me hadde med oss ein flott omvisar, som prata og prata på russisk i slik circa fire timar i strekk. Eg fekk med meg litt, men i bussen vart eg litt forstyrra av dei russarane som sat bak oss og drakk vin. Vel framme ved klosteret var det litt meir historieforteljing før me fekk kikke oss litt rundt på eigahand. Det var ikkje stort å kikke på, to butikkar som selte ikon, og eit rom der all historia som dama hadde fortalt om stod skrive. Eg og Turid var mest opptekne av omgjevnaden, det var veldig fint der. Eg såg ein hest som hadde stukke av, og me helsa på fire kattar. Dessutan fekk me få på do i skogen i lag med nokre russiske babusjkar, triveleg!

Vegarbeid


Vegane her oppe er vel kjent for å vera dårlege. Men det er ikkje fordi dei ikkje arbeider nok på dei! Det er berre det at dei ikkje gidder/får til å gjera grunnarbeide skikkeleg, så etter eit halvt år eg vegane like humpute og holute som før, og då må dei fiksast att. Ja, folk skal no ha arbeid da. (Lurar forresten på om eg erta på meg desse vegarbeidarane då eg tok dette biletet, dei virka ikkje veldig lukkelege for å bli foreviga, så eg gjekk nokså fort vekk derifrå eg...)

Kozular..


I eit av faga me har her skal me lesa moderne russiske fagtekstar. Til no har me stort sett halde oss til diverse tekstar kring pomorane og Arkhangelsk. Det har ført til at eg kan nemne opptil sju fiskeslag og bærslag, og veit overraskande mykje om bjørkebrygg. Sist tekst handla om pepparkaketradisjonen i Arkhangelsk, at ein tekst om pepparkaker kunne bli så lang og så engasjerande hadde eg vel ikkje trudd. Men kvart år så er det faktisk ei stor pepparkakeutstilling på museet, som har halde på sidan 1976... Ettersom læraren vår eg så søt som ho er, hadde på neste time med seg ei lita pepparkake til kvar...

fredag 3. oktober 2008

Пяньнедельник III.





Denne måndagen feira me gjebursdagen til Karsten, med både brask og bram! Me åt kålsalat og kålsuppe (etter gjebursdagsgutens ynskje) og kake, konfekt og vodka til dessert. Heile kvelden var ein suksess, med mellom anna grimasekonkuransse. Alle prøva å få til same grimase som Karsten, altså å legge overleppa under nasen.

Hatteprøving




Eg syns sjølvsagt at hattar ser veldig fjongt ut. Og kunne godt tenkt meg å kunne gå med ein hatt. Så når sjansen byr seg, og det gjer han jamleg i Russland, så prøvar eg hattar. Ikkje så sjeldan blir Turid med meg. Og nederst kan de sjå bilete av Турица og Оснушка som blir litt øre av å få ein god, varm klem av dei flotte pelshattane.

tirsdag 30. september 2008

Margaritenskaja Jarmarka.



Det er ikkje berre på dyrskuplassen i Seljord det er marknad på hausten. I Arkhangelsk skipar dei til Margaritenskaja Jarmarka kvar haust. Dit kjem handelsfolk frå heile den europeiske delen av Russland, og litt til. Det viktigaste på marknaden er honningen, og den aller viktigaste honningen er den frå Bashkir. Det visste ikkje eg då eg kjøpte min mai-honning, men den au er god. Ein kan få tak på det meste frå neversko til lastebillass med melonar. Vidare bør ein få med seg dei nokså fantasifulle utstillingane somme set opp.

Byggeskikk.


I Arkhangelsk fins to typar byggningar. Ein kan dele dei inn i kategoriane: blokker og gamle trehus. Trehusa ser frykteleg gamle ut, det er kanskje ikkje sikkert dei er så veldig gamle, men flesteparten ser ut som dei kan rase i hop når som helst. Dei er veldig morosame og sjarmerande, men eg er veldig glad eg slepp å bu i dei. Greitt nok at golvet heime hellar litt, men det er ingenting mot det ein kan finne her.

mandag 29. september 2008

Afrodite


Alle me som bur i lag har som mål å ikkje bli i dårlegare form medan me er her. Me et ikkje så reint lite kjeks og kake, så då må det berre trimast. Eg og Turid har teke i bruk tilbodet på treningssenteret som ligg rett utanfor blokka vår, Afrodite. Her får me trene måndag, onsdag og fredag morgon kl. 9. Det rulerar på aerobics, styrketrening og step. Dei fleste vil nok påstå at logoen til senteret seier sitt...

Пяньнедельник II.



Ingenting, eller i alle fall få ting, er som litt vodka etter å ha teke oppvasken, og vodka kan ikkje drikkast einsmal, så då må ein ha selskap, ikkje sant Turid?

fredag 26. september 2008

Utstillingsvindauge




Russarar kan liksom dette med utstillingsvindauge og slikt. Dessutan kan du finne dei mest uventa butikkane på dei mest uventa stadane. Forrige laurdag traska me rundt i sentrum og tok ein kikk på den handlegata me enno ikkje hadde vore. Det var ei mykje meir russisk handelgate enn dei andre, det tykkte iallfall eg. Her var det omtrent berre kjøpesenter av den gamle typen. Med ein lang gang, og så små bodar på kvar side med ting og tang. Stort sett er det grelle skobutikkar og klesbutikkar. Men så plutseleg så stod me inne i ein butikk med utprega (som eg kallar det) hip-hop klede og sko... hahaha... Så i vindauget draperer stoffbutikken opp stoff på veldig stilige måtar, og i andre kan eg til dømes sjå ein levande katt, som ikkje bryr seg om rare folk som dunkar på vindauget og seier -puuuus!

tirsdag 23. september 2008

Fine flisar


Det tok litt tid før eg tok ein kikk på flisane på kjøkkenet og i gangen. Dei hadde vel i grunnen vore overraskande fine og kvite. Så tok eg ein nærare kikk, og jammen visa det seg ikkje at det slett ikkje er flisar med isopor dei har klistra på ovanfor den mintgrønne murveggen. Jaja, det isolerar iallfall.

onsdag 17. september 2008

Åsne - Vampyrmyggane (3-1)



Ja, eg var kanskje litt naiv då eg tenkte at det umogleg kunne vera like mykje mygg her som i Petersburg. Det er forresten ikkje like ille som i Petersburg. Men eg tok berre med meg aurax, og ikkje noko førebyggande middel. No som varmen og er slegen på er det så varmt inne at eg er nøydd til å lufte. Og då kjem dei... Eg vakna fleire vender i nått, og slo rundt meg. Men i dag vakna eg opp med ikkje så reint få myggestikk. 1-0 til myggen. Men så kom eg sterkt attende. For etter all den blodfråtsinga må myggen ha vorte litt slapp, og i løpet av morgon fekk eg slege i hel tri av fire. Og alle var fulle av blod. HAHAHA 3-1 til meg!

tirsdag 16. september 2008

Пяньнедельник.


Der me bur har me ikkje fjernsyn og heller ikkje radio. Dermed må me sjølve vera kreative for å ha det artig på kveldane. Artige ting er spiling av spil, men og flittig bruk av teip.

Arkhangelsk


Arkhangelsk er ikkje ein spesielt stor by i russisk målestokk, men sett med norske auge er han ikkje så reint liten. Det bur trass alt litt under 350 000 folk her. Men på mange måtar så kjennest ikkje byen så veldig diger ut. Karsten, som ein godt kan høyre på når det kjem til fakta om Arkhangelsk, i og med at han har budd her eit år lenger enn meg, seier at det er litt som ein stor landsby. Eg kan kanskje skjønne det. Mellom anna har dei korkje McDonalds eller KFC, og ikkje sjeldan kan ein sjå folk som rir midt i sentrum.