onsdag 10. september 2008

Firkorngryn




Får me i oss bra mat her? Det er det ingen grunn til å uroa seg for. I tillegg til å live opp kjøkkenet, trur eg all fruktstimulansen får oss til å ete mykje av både frukt og grønnsaker. Men ein kan ikkje berre leva på det. Min heilt klare favorittfrukost er graut. Og her i dette fantastiske landet (eller det kjem vel opprinneleg frå Finnland) har dei fenge til å ikkje berre lage havregryn, men og liknande gryn av rug, kveite og bygg. Så har ein smarting funne på å ha alt opp i same pakka og selje dette. I fylgje den finske jenta, Jenna, tyder Myllyn Paras noko slikt som Myllas beste. Og god graut blir det. Iallfall med litt brunt sukker, kefir og tørka kirsebær på. Med slik kost er det ikkje noko problem å aldri ta heisen.

mandag 8. september 2008

Frukteleg kjøkken.




Som i alle andre blokker i Russland er veggane våre måla i ein slags bleik grønfarge som får det meste til å sjå litt sjukleg ut. På romma har me heldigvis tapet, i forskjellige fargar og mønstre. Men me såg fort at me trong noko for å friske opp og gjere kjøkkenet vårt litt meir triveleg. Me såg ikkje langt for inspirasjon, for på det nokså slitte kjøkkenbordet av tre, var det nedfelt ein slags voksduk med fruktmotiv. Etter det har me freista, så langt det gjeng, å ta opp att både fargar og fruktmønster på det me har hamstra inn. No er det så mykje oransje, gult, grønt, raudt og frukt at me blir fulle av c-vitaminar berre av å sjå oss rundt på kjøkenet.

lørdag 6. september 2008

Маникюр


Litt av poenget med å ta fag i Arkhangelsk er å snakke russisk med russarar. I går fekk me treffe studentar som tek norsk. Ulempa med desse er at dei helst vil snakke norsk eller engelsk, medan eg vil iallfall gjera eit forsøk på å snakke russisk. Men heldigvis er det slik at ikkje alle som bur i Arkhangelsk snakkar engelsk og norsk. Så må ein koma på ein god måte å treffe desse og ha ei roleg og stille samtale. Då kan det vera lurt å ta manikyr! Det tek ca ein time, den søte dama er van med å småprate om alt mogleg, og så får ein så fine hender og neglar av det. Spørs om eg ikkje må gjere dette ei gong i veka.

torsdag 4. september 2008

Malije Kareli= Maihaugen


I dag var me på ein liten ekskursjon til Malije Kareli, eit slags Arkhangelsk svar på Maihaugen. Turid var veldig, ja nesten overbegeistra, for dette. Ho er jo frå Lillehammer og vitjar Maihaugen så ofte ho kan. Turid var dermed ikkje vond å be når dei lurte på om ei av jentene kunne tenke seg å la seg spå av ein vedkubbe. Som de kan sjå på biletet eg snart legg ut, kjem mannen til Turid til å vera rik, og dei skal få tri ungar. Lukke til!

Søppelbill.


Me produserar nokså mykje søppel, og i og med at me bur i sjuande etasje er det fint at me slepp å gå heilt ned og ut med all søpla vår. Det er nemleg ei sjakt i trappa der ein kan kaste søppel. Einaste aberet er at sjakta nokså jamleg er stappa full, og då må ein nedi med anten ein arm eller ein fot og dytte. Ikkje sjeldan kjem då vaktmeistaren forbi og humrar for seg sjølv...

Varmt vatn

Då me kom til Arkhangelsk fekk me vita at varmtvatnet enno ikkje var slege på, men at det nok kom i løpet av morgodagen eller litt seinare. Av gamal røynsle tok eg denne uttala med ei stor klype salt. Det varme vatnet kjem nok når det kjem. Men til mi store overasking og glede kom varmen alt i går. Det høvde veldig bra, for me hadde handla inn diverse vaskeutstyr og kunne ta dette i bruk med ein gong. For ei lukke. Så slapp eg jammen å dusje i kaldt vatn denne venda i alle fall. Me får sjå kor lenge det varer.

Aeroflot(t) NORD


Kvifor Aeroflot har fenge slik dårleg rykte i Noreg kan eg ikkje skjøna... Jau, det bråkar verre og interiøret i flyet vitnar både om godt bruk og svunne tider i design. Men med servering av godis før avreise (mogleg med beroligande middel) og mat fleire vender i løpet av turen var me godt nøgde. Dessutan må den sjarmerande baggasjelastebilen i Murmansk nemnast... (eg skal koma med bilete seinare). Nei, eg kan trygt tilrå ei reise med Aeroflot nord, berre kom i hug å ta med øyreproppar.