søndag 31. august 2008

Bjarmeland

Etter litt heftig leiting i mellom anna store 
norske leksikon har eg kome fram til at området kring kvitesjøen vart av vikingane kalla Bjarmeland, der bjarmane budde. Så dit reiser eg i morgon, rett nok med andre gjeremål enn dei som for dit for tusen år sidan.

Det er veldig utfordrande å pakke med seg alle bøkane eg trur eg treng for å få skrive ei bacheloroppgåve, i tillegg til klede og andre ting ein treng, og ikkje koma over 20 kilo. Jaja, det blir vel ei råd med det au. Trass alt har dei butikkar med det meste ein treng i Arkhangelsk... trur eg... 

Ingen kommentarer: