torsdag 27. november 2008

Siste dag... Hade bra så lenge Arkhangelsk


No er det under eit døger til me reiser heimover att. Så no må me sei hade bra for siste gong... Det blir sjølvsagt fint å koma heim att, men det er nokså trist å sei hade. Håpar eg kan treffe att dei fleste me har vorte kjent med her. Ein del kjem til Tromsø i januar, men dei fleste blir att her. Me har iallfall hatt det veldig bra her i dei tri månadane me har budd her. Den siste veka har gjenge med til avskjedsfest, avskjedsklassiskkonsert, avskjedseksamnar, avskjedspresangar, avskjedbesøk, avskjedsklemmar og i dag eit siste avskjedshow.

mandag 24. november 2008

Arkhangelsk kunstfestival for studentar



Dei tri universiteta i byen gjeng i lag om å ha ein kunstfestival, der dei beste bidraga i forskjellige kategoriar blir premiert med diverse ting. Me var på sjølve premieutdelinga, o gdet var veldig artig! Det var nokså mange kategoriar, med det meste frå jounalistiske bidrag til kostymefekting. Og innimellom prisane var det underhaldning med song, dans, drama og "stand-up". Det heile var veldig russisk, med lange, pene, jenter som kom med prisane, hefitge ballader med mykje luft på stemma og glinsande dressar. Eg vart sjølvsagt mest imponert over han som vann prisen for beste folkedans...

Sushiblini


Sushi er omtrent det hippaste og kulaste i Russland. Så mellom anna har pannekakerestauranten BlinKhaus kasta seg på denne bylgja. Det dei har gjort er å ta den tradisjonelle pannekaka med raud kaviar, kutta henne opp i passlege bitar, sett dei på høgkant, dandert dei på ein sushiliknande måte og servert dei med soyasaus. Hurra! Det var visst slik passe...

Stakkars Karsten...



Karsten har ikkje hatt det så greitt i det siste, han har mangla mathug, og vore litt stressa. Dermed har han heller ikkje greidd å eta opp brødet sitt. Eventuelt så ville han ha det slik, og no lurar han på kvar det vart av (eg og Turid kasta det faktisk...). Håpar sambuarane hans i Tromsø kan ta vare på han når han kjem att... (eg lurar veldig på kva det gule er!)

onsdag 19. november 2008

På tur ut i bushen...



... til ein russisk barneheim. Her ein dag for me, i regi av samfunnsarbeidsfakultetet og det internasjonale kontoret, til ein russisk barneheim for å underhalde litt. Me fekk vita at gruppa me skulle vera i lag med var stort sett ungar som var henta ut frå familiane sine, og venta på fosterheimar. Dei me møtte var mellom 2 og 14, og med ei lita overvekt av gutar. Dei russiske studentane stod for mesteparten av programmet, medan me for det meste var eit eksotisk innslag, med veldig rare, morosame namn. Men me fekk da lese litt i frå Kurt og fisken (på russisk) og sunge ein song. Songen var relativt populær, så stor takk til Åsmund på folkehøgskulen som lærte han vekk... Til slutt hadde me nokre presangar me gav til dei, og så måtte me skrive autografar og teikne hestar...

Ist. Fakka(s) dag.







Fredag 14. var ein stor dag på historisk fakultet i Arkhangelsk, det var faktisk årsdagen! Det vart feira med eit slags show på universitetet, med sketsjar av varierande kvalitet. Lika best den som handla om at ein ikkje må gå inn på "lærarrommet" og vera svolten, for der inne er det berre kaker og godis... På kvelden, då eg akkurat var ferdig med middag, fekk me overraskingsvitjing frå nokre kompisar på ist.fak. Ettersom det var ein stor festdag hadde dei med seg vodka, og slik vart kvelden veldig fin! Han vart så fin at då Karsten og Torbjørn skulle på bue for å kaupe meir jus og vatn, kom dei att med øl og vodka.... I tillegg var det sjølvsagt synging av russiske songar, russiske skålar, og nokre på engelsk (you proud your country, we pround our country, you proud our country...)

mandag 10. november 2008

Vitjing frå Tromsø!


Endeleg kom den store dagen då Per Jørgen skulle vitje oss her i Arkhangelsk. Fyrste gong i Russland, og fyrste gong med "papirfly". Heldigvis for han var det fleire nordmenn som skulle fly til Arkhangelsk og dei fekk hjelpt han gjennom Murmansk, heldigvis... Ettersom han berre skulle vera tri dagar sa dei at han ikkje trong å registere seg. Det har me ikkje gjort, og eg reknar med at det gjekk greitt, viss ikkje sit han no på ei glattselle ein eller annan plass. Uansett, så syns Per Jørgen det var litt rart og litt avslappande å vera analfabet. Han slapp jo å ta noko som helst ansvar for ting han gjorde, som til dømes å koma til kalde, isfylte Arkhangelsk i sandalar.